Avstand til Dyrskuplassen : 30.0 km Epost: kjetil.haugan56@icloud.com Telefon: 90146410
| Velkommen til Gamlestogo på Haugan. Huset ligg på ein gard i Skorigrendi i Åmotsdal omkransa av fint kulturlandskap med beitedyr og flott utsikt.
Gamlestogo ligg i eit tun saman med eit ana bustadhus og fleire andre gamle hus. Det er god plass til parkering. Huset har to etasjar og totalt sengeplass til 5. Ved ynskje om det, kan ein reie opp til ytterlegare 3 personar (i kronesengene i stogo og på eit av soveromma i 2.etasje)
I 1. etasje finn du stoge, kjøkken, gang, bad med dusjhjørne, WC og vaskemaskin, og eit soverom med dobbelseng. Kjøkkenet har eit lite spisebord med plass til to, komfyr, kjøleskap med liten integrert frys og oppvaskmaskin. Det meste av det du treng på kjøkkenet inkl. kaffetraktar.
2. etasje har to soverom til disposisjon, det eine med ei seng på 90 cm, det andre har to senger, ei på 90 cm og ei på 120 cm. I senga på 120, kan ein reie opp til to dersom ynskjeleg.
Det er ferdig oppredde senger når de kjem. Det er handkle på badet og toalettpapir. Huset har varmepumpe på kjøkkenet, og mogelegheit for vedfyring i stogo. TV og trådlaust nett.
Pris for heile dyrsku-veka kr 10.000,- evt. antall dagar etter avtale. Sluttvask mot eit lite tillegg i prisen. Ved spørsmål er det bare å ta kontakt! Sissel og Kjetil Haugan
|